Daugstad 07122001
Daugstad Vel
Daugstad
6392 Vikebukt
:
Vestnes Energi A/S/ Nordvest Nett a/s
v/ Øyvind Brox
6390 Vestnes
Søknad om stønad til realisering av veglys langs
E-139 på Daugstad i Vestnes kommune.
Daugstad Velforening har i samarbeid med dei andre laga og organisasjonane i bygda teke initiativ til å få realisert veglys langs deler av europavegen på Daugstad. Vi er fullt klar over at veglys langs riksvegar er vegvesenet sitt ansvar. Vi er og like klar over at med den kamp det er om midlar til gode formål er det relativt urealistisk å tru at vegkontoret åleine vil prioritere lys her på mange år.
For ein del år sidan vart det bygd gangveg langs ein del av riksvegen. Dette var sjølvsagt til svært god hjelp for mjuke trafikantar. Det er likevel eit stort sakn for dei som brukar gangvegen at det manglar lys i den mørke årstida. Før gangvegen vart bygd, stod det på den omsøkte strekninga ein del enkeltlys. Desse står framleis og gjev eit heller brokete lysbilete. Vi ønskjer ikkje at desse skal forsvinne, men heller at dei vert integrert i eit forskriftsmessig lysannlegg på strekninga. Busetnaden langs vegen er prega av "randbebyggelse," med etter måten mange avkjørsler og kryssningspunkt. Eit skikkeleg lysannlegg vil etter vårt syn vere eit solid bidrag til å betre tryggleiken på strekninga, samstundes som det betrar komforten for alle trafikantar.
Leif Johan Venås ved Vestnes Energi har vore positiv og teikna inn dei enkeltlysa som er på strekninga.
Veglysannsvarleg ved vegkontoret Jan Gunnar Sandblåst, har utarbeidd ein veglysplan etter forskriftene.
Det er no den vanskelegaste delen av jobben skal gjerast, nemleg å
skaffe finansiering.
Vi har som målsetjing å stable på føtene eit spleiselag, der Vegkontor, Kommune, lokalt E- verk og ikkje minst bygda bidreg.( bedrifter og private).
Annlegget er ikkje skikkeleg kostnadsrekna enno, men totalkostnaden vil truleg liggje mellom 7-800 000 kr. Dersom alle partar er positive, skulle ikkje det vere umogeleg å realisere.
Brevet er ikkje meint som ein søknad om eit bestemt kronebeløp, men heller om Vestnes Energi A/S kan tenkje seg å diskutere og vere med på eit spleiselag.
Vegkontoret sit på alle relevante opplysningar om trafikkbelastning o.l., men det høyrer med til saka at strekninga rundt Tresfjorden er ulykkesbelasta og har mykje tungtrafikk.
Vegkontoret har muntleg opplyst at annlegget vil kunne rekne med eit årleg tilskot til vedlikehald.
Det er vel slik at alle investeringar som aukar straumuttaket i Vestnes, er positivt for omsetninga og innteninga til Vestnes Energi A/S. Vi håpar også at det blir sett på om deler av ei slik stolperekke vil kunne avløyse deler av lavspentnettet og om dette eventuelt kan vere med på å påverke storleiken på eit eventuelt engasjement i prosjektet. Vi er og innstilte på at kommune eller E- verk kan overta annlegget når det er fullført, saman med driftstilskotet.
Vi vil ta initiativ til eit møte mellom Vegkontor, Kommune, Energiverk og Velforening, der vi om kan drøfte aktuelle løysingar.
Daugstad Velforening kjem til å sende liknande brev til Vestnes Kommune, Vegkontoret og bedrifter og lag i bygda. Det er eit sterkt ynskje om at forespurnaden blir handsama så raskt som råd, slik at vi kan få klarlagt om det er mogeleg å komme vidare i prosessen.
Med vennlig hilsen
Daugstad Vel
Arne Andreassen (veglysannsvarleg) Jon Trygve Villa (komitemedlem)