Daugstad Vel                                              Daugstad 07122001                                    

Daugstad

6392 Vikebukt

 

 

 

Vestnes Kommune

6390 Vestnes

v/ Ordførar Roald Fiksdal

 

 

Veglys langs  E-139 på Daugstad.

 

Daugstad Velforening har i samarbeid med dei andre laga og organisasjonane i bygda, teke initiativ til å få realisert veglys langs deler av europavegen på Daugstad. Vi er fullt klar over at veglys langs riksvegar er vegvesenet sitt ansvar. Vi er og like klar over at med den kamp det er om midlar til gode formål, er det relativt urealistisk å tru at vegkontoret åleine vil prioritere lys  her på mange år.

 

For ein del år sidan vart det bygd gangveg langs ein del av riksvegen. Dette var sjølvsagt til svært god hjelp for mjuke trafikantar. Det er likevel eit stort sakn for dei som brukar gangvegen at det manglar lys i den mørke årstida. Før gangvegen vart bygd stod det på den omsøkte strekninga ein del enkeltlys. Desse står framleis og gjev eit heller brokete lysbilete. Vi ynskjer ikkje at desse skal forsvinne, men heller at dei vert integrert i eit forskriftsmessig lysannlegg på strekninga. Busetnaden langs vegen er prega av "randbebyggelse," med etter måten mange avkjørsler og kryssningspunkt. Eit skikkeleg lysannlegg vil etter vårt syn vere eit solid bidrag til å betre tryggleiken på strekninga, samstundes som det betrar komforten for alle trafikantar.

 

Veglysannsvarleg ved vegkontoret Jan Gunnar Sandblåst, har vore positiv til vår forespurnad, og har utarbeidd ein veglysplan etter forskriftene.

 

 Det er no den vanskelegaste delen av jobben skal gjerast, nemleg å skaffe finansiering.

 

Vi har som målsetjing  å stable på føtene eit spleiselag, der vegkontor, kommune, lokalt E- verk og ikkje minst bygda( bedrifter og private) bidreg med ca. 25 % kvar.

 

 

Annlegget er ikkje skikkeleg kostnadsrekna enno, men ved å bruke ein kombinasjon av stålmaster og luftstrekk av kabel, er vi ut få tal som er utarbeidde av E - verket, komne fram til ein totalkostnad for 75 lyspunkt på ca. 800000,- kroner

Dersom alle partar er positive, skulle ikkje det vere umogeleg å realisere. Brevet er ikkje meint som ein søknad om eit bestemt kronebeløp, men heller om kommunen kan tenkje seg  å diskutere og vere med på eit spleiselag.

 

Vegkontoret sit på alle relevante opplysningar om trafikkbelastning o.l., men det høyrer med til saka at strekninga rundt Tresfjorden er ulykkesbelasta og har mykje tungtrafikk. Dei har også bekrefta at dei vil kunne gje eit årleg tilskot til drifta av annlegget

 

Gangvegen er skuleveg for dei fleste av borna i bygda dei første fire skuleåra.

 

 

Daugstad Velforening kjem til å sende liknande brev til  Vegkontoret, Vestnes Energi A/S  og bedrifter og organisasjonar i bygda. Det er eit sterkt ynskje at førespurnaden blir handsama så raskt som råd, slik at vi kan få klarlagt om det er mogeleg å kome vidare i prosessen.

 

 

Med vennlig hilsen

For Daugstad Vel

 

Arne Andreassen(veglysannsvarleg)                        Jon Trygve Villa