07122001

Daugstad Vel                                                            

Daugstad

6392 Vikebukt

 

 

Statens Vegvesen Møre og Romsdal

v/vegsjef  Karl Melbye

Vegkontoret Julsundveien 9

6404 Molde.

 

 

 

Søknad om støtte til realisering av veglys langs E-139 på Daugstad i Vestnes kommune.

 

Daugstad Velforening har i samarbeid med dei andre laga og organisasjonane i bygda teke initiativ til å få realisert veglys langs deler av europavegen på Daugstad. Vi er fullt klar over at veglys langs riksvegar er vegvesenet sitt ansvar. Vi er og like klar over at med den kamp det er om midlar til gode formål er det relativt urealistisk å tru at vegkontoret åleine vil prioritere lys  her på mange år.

 

For ein del år sidan vart det bygd gangveg langs ein del av riksvegen. Dette var sjølvsagt til svært god hjelp for mjuke trafikantar. Det er likevel eit stort sakn for dei som brukar gangvegen at det manglar lys i den mørke årstida. Før gangvegen vart bygd stod det på den omsøkte strekninga ein del enkeltlys. Desse står fremdeles og gjev eit heller brokete lysbilde. Vi ønskjer ikkje at desse skal forsvinne, men heller at dei vert integrert i eit forskriftsmessig lysannlegg på strekninga. Busetnaden langs vegen er prega av "randbebyggelse," med etter måten mange avkjørsler og kryssningspunkt. Eit skikkeleg lysannlegg vil etter vårt syn vere eit solid bidrag til å betre tryggleiken på strekninga, samstundes som det betrar komforten for alle trafikantar.

 

Veglysannsvarleg ved vegkontoret Jan Gunnar Sandblåst har vore positiv til vår forespurnad og har utarbeidd ein veglysplan etter forskriftene. Det er no den vanskelegaste delen av jobben skal gjerast, nemleg å skaffe finansiering.

 

Sandblåst har på ingen måte lova økonomisk støtte frå Vegkontoret, snarare tvert imot. Når vi likevel sender denne søknaden, er det ut frå ein filosofi om at fleire må ta eit tak om dette prosjektet skal late seg realisere. Vi har som målsetjing  å stable på føtene eit spleiselag der vegkontor, kommune, lokalt E- verk og ikkje minst bygda bidreg.( bedrifter og private).

 

Som veglysannsvarleg langs riksveg ser vi det som ikkje mindre enn rett og rimeleg at vegkontoret tek ein del av kostnaden. Annlegget er ikkje skikkeleg kostnadsrekna enno, men totalkostnaden vil truleg liggje mellom 7-800 000 kr. ( Prisen utrekna av Vestnes Energi med stålmaster og luftstrekk.) Dersom alle partar er positive skulle ikkje det vere umogeleg å realisere. Brevet er ikkje meint som ein søknad om eit bestemt kronebeløp, men heller om vegkontoret kan tenkje seg  å diskutere å vere med på eit spleiselag.

 

Vegkontoret sit på alle relevante opplysningar om trafikkbelastning o.l., men det høyrer med til saka at strekninga rundt Tresfjorden er ulykkesbelasta og har mykje tungtrafikk.

Gangvegen er skuleveg for dei fleste av borna i bygda dei første fire skuleåra.

 

Vi vil ta initiativ til eit møte mellom Vegkontor, Kommune, Energiverk og velforening, der vi kan drøfte aktuelle vegspørsmål som vedkjem bygda vår, og prøve å diskutere oss fram til realistiske løysingar.

 

Daugstad Velforening kjem til å sende liknande brev til  Vestnes Kommune, Vestnes Energi a/s og bedrifter og lag i bygda. Det er eit sterkt ynskje at forespurnaden blir handsama så raskt som råd, slik at vi kan kome vidare i prosessen.

 

 

 

Med vennlig hilsen

Daugstad Vel

 

Arne Andreassen (veglysannsvarleg)                      Jon trygve Villa ( komiteemedlem)