Daugstad Vel
Daugstad 120402
Daugstad
6392 Vikebukt
Vestnes Kommune
6390 Vestnes
v/ Ordførar Roald Fiksdal
Veglys langs E-139 på Daugstad.
Viser til
hyggjeleg samtale på telefonen ang. veglys på Daugstad.
Som eg nemte
i tlf. har vi med hjelp frå Vegkontor og E-verk fått laga til og godkjent
ein veglysplan for ein del av riksvegen på Daugstad.
Saka er no
komen i den fasen at vi må skaffe finansiering.
Det er
skrive" tiggarbrev" til kommunen ,vegkontoret og e-verket.
Så langt er
det berre kommunen som har svara positivt. Det som er mest skuffande so langt,
er haldninga på vegkontoret. Sandblåst på den avd. som arbeider med veglys,
opplyser at strekninga har for liten trafikk etter dei retningsliner han har
(min.3000), og eit svar derifrå vil måtte bli negativt. Trafikken er derimot
så stor at dei tek vedlikehaldet!!
Det rådet
han kunne gje var at saka vart løfta opp på "ordførarnivå", då
vegsjefen rådde over ein del midlar som han likte å bruke på spleiselag for
å få utført ting som fleire enn vegvesenet hadde interesse av.
Avdelingsing.
Jakobsen er nok den som til dagleg har oppsyn med veglysproblematikken i
administrasjonen i kommunen. Han har sendt meg dei vedtak og prioriteringar
kommunen har gjort.
Eg sender
med kopi av dei brev og vedtak som eg har, og som eg meiner er relevante for
saka, og set min lit til at ordføraren klarer å få med seg vegsjefen på
det som bør vere vegvesenets ansvar. Som du ser har vi fått svar frå utb.
avdelinga ved vegkontoret.
Med vennlig
hilsen
For Daugstad Vel
Arne
Andreassen (veglysansvarleg)
Tilbake
|