Bilde 1975    Bilde 1985    Historie av Henry Vike   Nederlandstur 2003   Fakta 2004   Tur 2004


Daugstad/Vike Skulekorps

 Både på Daugstad og i Vike var det vaksnekorps i mange år, men etter kvart førte «flukta frå bygda» til at det vart vanskeleg å halde ei brukbar besetning. Same problemet hadde dei i Tresfjord, og ei tid hadde me eit korps samansett av musikantar frå alle tre bygdene.

            Først i 60-åra vart det starta guttemusikkorps i Vike, og dette fekk låne instrumenta til vaksnekorpset. Dette korpset var ikkje så stort at ein hadde fullverdig besetning, men i 1968 gjekk Daugstad og Vike, med aktiv innsats frå rektorane Reidar Dahle og Kåre Rypdal, saman om eit skulekorps, og dette har sidan vore i verksemd utan stopp. Musikkonsulent Arne Klingsaid var den første dirigenten. Han vart i 1973 avløyst av Henry Vike, og sidan har korpset hatt mange dirigentar. No er det Hege Haugen som svinger taktstokken.

            Både talet på medlemmer og den musikalske kvaliteten har svinga, men stort sett har korpset hatt ord på seg for å vere mellom dei beste i fylket. Korpset har vore på mange turar og delteke i konkurransar med godt resultat. Saman med andre korps i kommunen spela dei inn ein kasett, og midt i 80-åra hadde korpset to halvtimes program i NRK Møre og Romsdal, som fekk svært god kritikk.

            Rekrutteringa til korpset er god, og dei siste par åra har også unge frå Tresfjord vore med i korpset. Talet på medlemmer har svinga frå ca. 25 til opp i mot 40, alt etter korleis tilgangen på nye medlemmer i høve til naturleg avgang har vore. Til tider hadde det vore ynskjeleg at medlemmene ikkje slutta så tidleg, ved 14-15 års alder. Dette har vel noko med skulesituasjonen å gjere også. Elles har dei flinkaste vore svært ettertrakta av dei vaksne korpsa, og nokre år var omkring 10 av dei eldste også med i Romsdal Janitsjar. Eit par sesongar var det medlemmer frå Daugstad/Vike Skulekorps med i korps og orkester i både Ålesund, Molde, Åndalsnes, Vestnes og Tomra. Då kunne det av og til bli kollisjonar med øvingane og konsertane, men oftast ordna det seg.

            Korpset har  til vanleg hatt bra fullverdig  janitsjarbesetning, og var nokre år einaste skulekorpset som hadde spesialinstrument som obo og fagott. Då hadde korpset sin eigen blåsekvintet, noko som var heilt spesielt for eit skulekorps. - År om anna har også korpset hatt så god besetning at ein har kunna sett saman eit fullverdig storband, 5 saksofonar, 4 trompetar., 4 tromboner. og fullt komp. Nemnet vart  DAVIS STORBAND. Dette har vore særs populært.  Saksofonkvintetten frå bandet var også med i eit radioprogram i NRK. Eit år hadde korpset også jazzband.

            Økonomien er eit stort problem for alle korps, men Daugstad/Vike skulekorps har heile tida hatt bra økonomi. Sume av dirigentane har avstått frå honorar, men idag er dette noko ein ikkje bør rekne med. I samarbeid med Vestnes musikkskule leiger ein no tenester frå denne og det kostar sjølvsagt ein god del. Difor er diverse innteksttiltak nødvendige, men det er samstundes sosialt for foreldra og andre interesserte, og korpset har alltid god tilslutnad til arrangementa sine.

            Det er grunn til å spå korpset ei god framtid.                                                                                                                                           H.V.

Henry Vike var dirigent for Daugstad/Vike Skulekorps i 2x3 år, og han hadde ord på seg for å være en veldig dyktig dirigent. (red. anm.)