Uke 18-2011 var der fagfolk frå Bergen for å undersøke ei av
gravene like sør for ein gravhaug på Villa i Tresfjord frå
tidleg Middelalder.
Her er rapport fra
denne utgravinga
Gravene ligg kloss inntil E 136
midt mellom Tresfjord og Vikebukt. Villagarden er ein av dei
største i bygda, og det var under jorddyrking i 1930 at Ivar E.
Villa kom over ei lang steinhelle som låg 30 centimeter nede i
jorda.
Gravhaug: Dette er gravhaugen frå tidleg kristen tid på Villa.
Den skal no opnast for nye undersøkingar.
FOTO: OLAV SKJEGSTAD
Skjelettfunn
Under denne hella fann han restar av eit menneskeskjelett, og
dette funnet førte til fleire undersøkingar av haugen tidleg på
1930-talet. Konservator Th. Petersen stod for utgravinga. Han
fann ikkje mindre enn 16 graver frå tidleg kristen tid i Norge.
- Måten dei døde var gravlagde på,
viste at dette måtte vere graver frå den eldste kristne
mellomalderen. Alt tyder på at dette er den eldste kristne
gravplassen som vi kjenner til i Vestnes kommune, fortel Per
Bjørn Ellingseter, leiar i Vestnes sogelag.
Datering
Denne gravplassen skal no på nytt undersøkjast nærare. Neste
veke vil forskar Sæbjørg Walaker Nordeide frå Senter for
mellomalderstudium i Bergen gjennomføre ei utgraving på staden.
Skjelettekspert Stian Hamre blir
også med på arbeidet, dei skal undersøke nærare ei av gravene på
Villa. Arbeidet skal vere avslutta den 6. mai.
Steinhella som Ivar E. Villa fann
for 81 år sidan, er 1,74 meter lang. Den låg i retning
aust-vest, noko som fortel at den er frå kristen tid. Lektor Ole
L. Hoem melde om funnet til Videnskapsselskapet museum i
Trondheim og leia seinare utgravingsarbeidet. Det vart også
funne restar av ei tverrøks, som vart brukt både i yngre
jarnalder og inn i Middelalderen.
Ingen smykke
Gravområdet er cirka 60 kvadratmeter, og det vart funne
skjelettrestar i 13 av dei 16 gravene. Ingen av dei døde var
brent, men det vart funne bitar av trekol, som kan ha hatt
rituell betydning.
Det vart ikkje funne våpen eller
smykke i gravene. Datering av gravene er ikkje klart, her kan
nye utgravingar kanskje gje eit meir presist svar. Teorien så
langt er at gravene er frå tidleg kristen tid, det er ikkje
funne teikn som tyder på at det er frå tida før Norge vart
kristna.
Denne artikkelen er sakset fra RbNett ved Olav Skjegstad
|