Daugstadnavnet       Jarnalderen   Middelalderen    Sagbruk    Skred  Presten Krogh


Skred

29.01.05: I disse skred og flodbølgetider....., er det fare for skred i vårt område? DV tok kontakt med fylkesgeologen Einar Anda med tanke på rasfare fra Hoemstinden, og fikk så følgende tilbakemelding:

I følge vårt skredregister som no er ein del av nasjonal skreddatabase ved Norges geologiske undersøkelse - NGU (sjå www.skrednett.no ), så gjekk det eit fjellskred eller eit steinskred (som er noko mindre) frå Hoemstinden rundt 1850.  For å sitere registeret: 

1850 (ca).  På Jemtegarden, indre Hoem på austsida av Tresfjorden går Røstefonna kvart 100 år, seier segna.  Dette året losna det eit stort steinras oppe i fjellet og slegnde masse heilt over fjorden.  Men ingen folkeskade eller skade på bygningar. Sjå 1750 (Bygdebok for Tresfjord). Idnr. 1579. 

Eg kan ikke svare meir for dette skredet enn denne teksten i skredregisteret, men lokaliseringa tilseier at dette skredet har kome frå Hoemstinden. Det ligg ei grov ur langs stranda under denne fjellsida.  Denne kan vere frå dette skredet. Ansvarlig for dette registeret er Astor Furseth i Tafjorden (astor.furseth@c2i.net]. 

Fare for nye skred? 

Dei historiske erfaringane viser at dei aller fleste av dei store fjellskreda har varsla seg sjølv med langvarig utvikling av sprekker, brot og utglidingar i fjellsida.  Derfor leitar  vi etter slike før-skred-signal, for å påvise moglege kandidatar til framtidige fjellskred.  For Hoemstinden har vi sett etter slike strukturar på vertikalfotografi frå 1983, utan att vi har funne slike strukturar.  Men vi har ikkje vurdert dette fjellet i felt, heller ikkje frå helikopter. Vi har søkt staten om midlar for kartlegging av slike "risikofjell", men før finansieringa er klar, kan vi ikkje svare for når det er aktuelt å sjå nærare på Hoemstinden. 

Men vi tek også i mot tips frå publikum!  Dra til fjells og leit etter store lause fjellparti.  Fotografer og vis plassering på kart. 

Elles viser både historiske og geologiske data at det ofte går fleire fjellskred frå den same fjellsida.  Eit døme på dette er Tafjorden.  Skredet i Tafjorden i 1934 var det tredje eller fjerde i rekka, frå det same løsneområdet. Dei eldre (førhistoriske) skreda er dokumentert med seismeiske data frå fjordbotnen.  I Loen gjekk det også fleire skred frå Ramnefjellet i løpet av 1900-talet.  Dette er eit argument for at ein bør sjå nærare på Hoemstinden.

Med helsing Einar Anda