Om Daugstad vel    Styret    Mønstervedtekter    Linker   Gjestebok


          Årsmøtereferat Daugstad Vel  2003

     Årsmøtet vart halde på Daugstad Skule den 18.02.03 kl. 2000.

Årsmøteinnkallinga vart delt ut til alle husstandar ved lapp i postkassene.

Desse møtte: Jan Inge Daugstad, Tori Daugstad, Peder Kåre Sætre, Geir Sætre, Arnfinn Lange, Øystein Helset, Jørn Løvik, Inger Lise Daugstad, Oddvar Larsen, Gunn Anita Valldal og Arne Andreassen

  1. Årsmelding. Leiaren ønskte vel møtt og gjekk gjennom årsmeldinga, med følgende tilbakeblikk der DV har vært involvert i: 
    * Internett
    * Asfaltering av gamleveien
    * Fjellmerking med familieturer
    * Øremerkede midler fra 17.mai komiteen - bord er innkjøpt til skolen
    * Daugstad og Vike Bondelag ga penger til turvei mellom Skjegstad og Helset
    * Forlenging av gangveien 
    * Skolestruktur
    *
    Sagbrukshistorie på nettet
    * Sommerkafe - med nye skilt
    * LIV-Innsamlingen - TV aksjonen
    * Skøyte/-Byttedag
    * Juletrefest
    * Kommunen bevilget kr.350.000,- til gatelys
     Det kom ikkje inn sterke merknader til meldinga som vart samrøystes godkjent.

  2. Rekneskap. Leiaren gjekk også gjennom rekneskapen og gjorde greie for  den økonomiske situasjonen. ==> Samrøystes godkjent.

  3. Arbeidsplan og budsjett var lagt fram og godkjent.

  4. Salg av Etablerarboligane. Leiaren gjorde greie for den vanskelege økonomiske situasjonen, og styrets innstilling om å gå inn for eit salg, vart vedtatt etter ein grundig diskusjon av alternativa 

  5. I pausen var det servert kaffe og svele/ skuffekake.

  6. Veglys. Arne og Jørn orienterte om status for prosjektet og at endra forskrifter gjer at vi kanskje må bruke stålmaster, noko som er nesten dobbelt så dyrt. Komiteen må jobbe for at vi får nytta den bevilga summen frå kommunen i år. I tillegg må vi rekne med å yte noko sjølve om vi skal komme i mål.(100-150 tusen)

  7. Valg. På valg til styret Trine Villa og Lise Rypdal. Lise hadde sagt frå seg attval, Trine var villig til å fortsette. 
    Resultatet av valget vart slik:

    Styremedlemer for 2 år : Trine Villa og Inger Lise Daugstad

    Leiar for 1 år: Jørn Inge Løvik.

    Valgnemd: Gjenvalg

    Revisor: Gjenvalg

 


Vi ønsker kommentarer på disse sidene, på godt og vondt, råd og vink-samt tips om innhold. (Send mail)