
Daugstad
Vel
Daugstad
6392 Vikebukt
Vestnes
Kommune
Daugstad 27.03.2001
6390
Vestnes
Uttale
vedr. "Tresfjordbrua"
Daugstad
Vel har på styremøte den 21 mars, behandla reguleringsplana for ei eventuell
bru over Tresfjorden mellom Remmem på vestsida og Indre Vike på austsida. Vi
vil kome med ein todelt uttale, der første del går på det reint
reguleringstekniske, og den andre delen på fordeler og ulemper som vi ser med
eit slikt prosjekt, for regionen generelt og bygda vår spesielt.
1:
Kommentarar til forslaget til planløysingar.
Daugstad
Vel er spesielt opptekne av at kryssløysingar og skilting er slik utforma at
dei som framleis vil og skal finne vegen innover langs fjorden, gjer det med
minst mogeleg problem. Tungtrafikk og gjennomgangstrafikk som skal strake
vegen sørover, er vi svært glade for å kunne sende over brua. Vi er klare
over at dette kan vere vanskeleg å kombinere optimalt, men vil oppfordre
vegstyresmaktene om å gjere det dei kan for å finne optimale løysingar.
Ei
eller anna form for orientering til trafikantane før dei faktisk er i krysset
vil kunne vere ei god hjelp. Den kan mellom anna fortelje om kva bedrifter og
attraksjonar som faktisk finst rundt fjorden.
Ut
frå vårt syn, vil den valgte kryssløysinga på Vikesida, vere ei god løysing
for bygda vår sine behov for vegtilknytning for køyrande trafikantar.
Vi
vil likevel lansere ein ide når det gjeld gåande og syklande. For dei mjuke
trafikantane som kjem frå sør og skal over brua eller til badeplassen, ville
det etter vårt syn vore ein stor fordel om det var ein gang/sykkelsti over
Vikehaugen, med tilknytning til undergangen ved "Renglå". Det ville
korte inn turen vesentleg om du slapp heilt ut til sentrum for å krysse
vegen. Det vil truleg også kunne gje mindre parkeringsbehov i samband med
badeplassen.
Den
kan også gjere heile området meir tilgjengeleg og attraktivt som
tur/rekreasjonsområde.
Når
det gjeld kryssløysinga på Remmem er vi av den heilt klåre oppfatning at
alternativet med T-kryss, der trafikken over brua er gjennomgåande, er ei
betre løysing enn rundkjøyring. Vi må tenkje på miljøet og ikkje tvinge
all tungtrafikken som skal over fjellet til å stoppe helt opp før den tunge
stigninga mot Kjelbotn. Det vil vere dårleg
miljøpolitikk. Alternativet må
vere eit planfritt kryss.
Når
det gjeld uttak av fyllmasse, går vi ut frå at vegutbetringar forbi Våge i
Rauma og over Gjermundnesåsen, blir vurdert som samfunnsmessig svært
aktuelle kombinasjonar
2:
Fordeler og evt. ulemper for etablerte strukturar i området.
Ein
reguleringsplan er kanskje ikkje rette tidspunktet for å kome med meir
"politiske " vurderingar, men vi vil likevel kome med nokre
synspunkt på korleis vi ser på kva konsekvensar prosjektet vil få for
bygdene våre.
For
Daugstadbygda er det spesielt 4.-
fire positive element vi vil trekkje fram.
1:
Vi blir kvitt støyande, forureinande og farleg tungtrafikk og
gjennomgangstrafikk.
2:
Kortare veg til kommunesenteret og fylkeshovudstaden gjev oss heilt andre
mogelegheiter for ny vekst og auke i folketal og investeringar, både på
Daugstad og Vike.
3:
Vi slepp trusselen om ein ny moderne veg rundt fjorden. Ein veg utan avkjøyrsler,
men med oppsamlingsvegar på begge sider, bygd i sterkt skrånande tereng, vil
etter vårt syn verte ein katastrofe for næringsgrunnlag og busetnad på
begge sider av fjorden.
4:
Vegstatusen i dag gjer det nesten umogeleg med ny verksemd mellom riksvegen og
strandlina, vegsstyresmaktene nektar konsekvent alle nye tiltak innkjøyring på
riksvegen. Dette vil truleg bli langt lettare ved ei forventa nedgradering av
vegstatusen rundt fjorden.
Lat
oss heller bruke kreftene på å utnytte den naturperla Tresfjorden er, i
staden for å vere vertskap for ein støyande og forureinande trafikkmaskin.
Av
andre ting vi vil nemne, er konsekvensane ei eventuell ny bru vil få for
strukturar og reisemønster internt i kommunen. Vi meiner mellom anna at alle
investeringar og omleggjingar i skulesektoren, må vente til skjebna til brua
er fastlagt. Ei snarleg bru vil føre til total
omleggjing av måten å tenkje struktur på, og kanskje føre til store
innsparingar i investeringsbehov og også lokalisering.
På
austsida av Tresfjorden og langt inn i Rauma kommune, vil tilgangen til doktor,
ambulanse og politi, få ei
heilt anna meining. Det er i kritiske situasjonar, der du treng slik hjelp, du
verkeleg får kjenne kor lang "omvegen" er rundt Tresfjorden.
Vi
er og urolege for framtida til den vidaregåande skulen på Gjermundnes. Den må
så snart som råd bli meir sentral, dersom den skal vere eit alternativ for
elevar frå Hellandsida. Det vil bli eit merkbart tap, både for kommunen og
regionen om den skulle bli lagt ned.
Folket
på Daugstad er stort sett svært positive til "Tresfjordbrua" , det einaste det kan
vere delte meininga om er kor høg pris kommunen skal betale for at prosjektet
skal bli realisert. Med andre ord
finansieringa. Dette er like mykje eit prosjekt for mange av nabokommunane
våre, og dei burde vere med på å betale inn aksjekapital, for å sikre
fortgang i utbygginga. Men er det ikkje anna råd, er vi villige til å
strekkje oss langt.
Til
slutt vil vi ynskje alle som arbeider med prosjektet på ulike nivå, lykke
til med det vidare arbeidet.
Det
aller viktigaste no er at vi får
ei snarleg avklaring om dette blir noko av og når.
Med
venleg helsing
Daugstad
Vel
Arne
Andreassen( sekretær)
Jørn Inge Løvik (leiar)
Tilbake
|